Invitasjon til krinsrenn i Volda 19. desember

Årets første renn skal etter planen gå av stabelen laurdag 19. desember i Volda. Dette er eit dugnadsrenn der alle klubbar som har påmelde er forventa å bidra til arrangementet.

Påmelding skal gjerast på EQ-timing innan tirsdag 15. desember kl 23.59. Sjå EQ-timing sin nettside eller Skiskytterforbundets terminliste.

Dersom det ikkje vert snø i Volda vil rennet bli forsøkt flytta, eller avlyst om det ikkje er forhold andre stader. Avgjersla om dette blir teke søndag 13. desember. 

Vi kryssar fingrane og håpar på sesongopning på heimebane før jul! 

Invitasjon krinsrenn Volda 19. desember



Del artikkel