Infosamling Stryn vidaregåande skule 14-16. januar

Infosamling Stryn vidaregåande skule 14-16. januar

Hei!

Er du interessert i skiskyting eller langrenn? Og ynskjer å kombinere utdanning og toppidrett? Då har Stryn vidaregåande skule ei interessant utdanning for deg!

Vi ynskjer å invitere deg som er fødd i 2003 på infosamling i Stryn frå måndag 14 januar til onsdag 16 januar. Målet med samlinga er at dokke skal få informasjon om det spanande tilbodet vi har på skulen, samt at vi skal trene godt. Vi startar måndag ettermiddag kl. 18.00, og avsluttar etter lunch på onsdag, ca kl. 12.30.

Vi gjennomfører fire treningsøkter. Ei på måndag kveld, to på tysdag og ei på onsdag. Dei to første øktene trenar dokke ilag med trenarane på Stryn vidaregåande skule, medan dei siste to øktene trenar vi saman med elevar på landslinja skiskyting på Stryn vidaregåande skule. Meir info om programmet vil kome når det nærmar seg.

Vi overnattar på skistadion i Ullsheim. Vi ynskjer at flest mogleg skal få vere med på denne samlinga; difor er opphaldet inkludert mat gratis!! Busstasjonen ligg rett ved skulen, vi fraktar deg siste stykket.

Visste du forresten at Stryn vidaregåande skule er den einaste landslinja i landet som tilbyr yrkesfag i kombinasjon med toppidrettsstudiet skiskyting? Det er vi veldig stolte av å få til, og det er ei stor glede for oss å kunne tilby elevar på yrkesfag denne kombinasjonen.

Velkomne til ei sosial og fartsfylt samling!

Påmelding eller spørsmål kan du sende til: Sjur Ole Svarstad. Påmeldingsfrist 10 januar.

Tlf 91372783. Mail: Sjur.Ole.Svarstad@sfj.no

 

Del artikkel