Er du interessert i skiskyting og ynskjer å kombinere utdanning og toppidrett? Då har Stryn vidaregåande skule ei interessant utdanning for deg!

Vi ynskjer å invitere deg som er fødd i 2007 på informasjonssamling i Stryn tysdag 7. februar . Målet med dagen er at dokke skal få informasjon om det spanande tilbodet vi har på skulen, samt at vi skal trene godt. Vi startar tysdag kl. 09.30, og er ferdig om lag kl. 18.00. Vi ordnar overnatting måndag til tysdag for dei som har behov for det.

Denne dagen skal vi gjennomføre to treningsøkter, samt ha omvising på skulen og informasjonsmøte. Det blir ei treningsøkt på formiddagen på Ullsheim, og ei på ettermiddagen i Strynehallen. Øktene blir i lag med elevane som går på landslinja i skiskyting på Stryn vidaregåande skule i dag.

Program tysdag 7. februar

09.30: Oppmøte ved Strynehallen. Avreise til Ullsheim. Her blir det ei kombinasjonsøkt med ski og skyting.

12.00: Lunsj i kantina på skulen

13.00: Omvising på skulen og informasjon frå trenarane

14.30: Treningsøkt i Strynehallen, oppvarming + styrke

16.15: Middag i kantina på skulen

17.00: Informasjonsmøte for utøvarar og foreldre

Vi ynskjer at flest mogleg skal få vere med på denne samlinga; difor er opphaldet inkludert mat gratis! Busstasjonen ligg rett ved skulen, vi fraktar deg siste stykket.

Visste du forresten at Stryn vidaregåande skule er den einaste landslinja i landet som tilbyr yrkesfag i kombinasjon med toppidrettsstudiet skiskyting? Det er vi veldig stolte av å få til, og det er ei stor glede for oss å kunne tilby elevar på yrkesfag denne kombinasjonen.

Påmeldingsfrist 3. februar. Send påmelding på mail til Anders eller Hans Martin.

Med venleg helsing

Anders Vonheim                                                       Hans Martin Gjedrem

Tlf. 46451551                                                            Tlf. 918 59 101

anders.vonheim@vlfk.no                                           hans.martin.gjedrem@vlfk.no                                                                    

Skrevet av Vegar Rolfsrud den 24. jan 2023