Fredag 26.august samla 18 spente og treningsglade jenter seg på bærekraftige Berkåk. Her låg alt til rette for ei fantastisk treningssamling i regi av STSSK, med viktig støtte frå Rennebu Il sitt finaste dugnadspar. Jentene i alderen 12 til 15 år fekk nytte seg av skulen mellom øktene og ved nattestid, medan Berkåks snasne rulleskianlegg og skogsløyper vart nytta til kvalitetstrening. Fokuset var retta sterkt mot å oppretthalda eit godt samhald blant jentene og motivere for å fortsette med skiskyting. Jentene skulle ikkje trenast i senk, men ta med seg smarte triks i ulike situasjonar for å gjennomføre trening på best mogleg måte. Difor vart det også tilpassa kvar enkelt sine begrensingar så godt det lot seg gjere, for å sleppe vidare skadar.

Fredag vart jentene fyrst betre kjente gjennom ein namneleik, for deretter å utføre spenstøvingar, hurtigheitstrening og styrketrening i par. Kvelden vart avrunda med eit innføringsforedrag om mental trening, som vart brukt og henta fram att under øktene som følgte. Laurdag byrja jentene med rulleskikombinasjon, der dei imponerte med stor vilje og fine kvalitetar både på ski og ved skyting. Etter økta fekk jentene beskjed om å velje seg ein trivselsleiar blant utøvarane, og notere ned positive kommentarar om kvarandre. Ekstra moro var det at avstemninga viste seg å bli svært jamn – altså var det veldig mange herlege kandidatar. På denne samlinga stakk Cecilia av med tittelen, og ho synte sin rolle verdig ved å halde ein spontan rørande takketale! Trenarane var ytterst fornøgde!

Vidare sov dei fleste fram mot ettermiddagsøkta, der det var knallhard pyramideintervall på programmet. Jentene sprang mellom 9-11 drag med gode pausar i terrenget, og her fekk dei vist at ein treng ikkje vere gut for å vere god! Kvelden vart avrunda med herleg taco og lærerik quiz. Sundag starta utøvarane med terping på liggestilling og fekk brynt seg på tøff haldetrening. Deretter leia Harald Holm med frue jentene til Berkåks høgste punkt, «Risknappen», for ei samling er ikkje ei skikkeleg samling utan verkelige myrvåte sko! Tross skremmande værmelding, var kleskoden faktisk ikkje regnjakke, og konklusjonen må vere at dette var ein innertiar av ei samling. Iallfall synest trenarane dette då fellesnemnaren må seiast å vere stort glis og god stemning. Loggføringa til utøvarane viser at alle var samstemte.

Det var stor pågang for å bli med på denne samlinga, og synd for dei som ikkje fekk sjansen å delta. Heldigvis vert det fleire samlingar av same kaliber, og me gledar oss!

 

Skrevet av NSSF den 31. aug 2016