Velkommen til samling i Telemark og Vestfold skiskytterkrets.

 Rauland 20-22 november !!

 

Vi ynskjer velkommen til samling i Rauland for skiskyttarar i 13-årsklassa og oppover.  

Overnatting blir i år på Rauland ridesenter fordelt på fleire hytter. Vi nyttar Raulandshuset til dusjing, servering og felles sosialt samvær.

Pris: 750 kroner pr.utøvar. 400 kroner for vaksen. Betal til konto 26204286557

Påmelding og betaling: innan 18. november. Før opp namn, alder og klubb ved betaling.

Program

Fredag: Oppmøte på Rauland skule kl.1800. Lett brødmat. Treningsøkt på ski om det er snøforhold. Viss det ikkje er snø blir det ei økt i idrettshallen.

Laurdag 21.november

Kombinasjonsøkt standplass.

Skitrening/rulleski, teknikk og skikjensle på Vierli/Rauland

Kl. 0900-1000

Frokost på Raulandshuset.

Kl. 1030-1230

13 og 14 åringer

15 og 16 åringer

Kl. 1300-1400

Lunsj brødmat på Raulandshuset

Kl. 1430-1630

15 og 16 åringer

13 og 14 åringer

Kl. 1800-1900

Middag på Raulandshuset. Taco speciale nationale.

Kl.2000-2200

I tradisjon tro. Capture the flag og bading på Raulandshuset

 

Søndag 22.november

Kombinasjonsøkt standplass

Skitrening, teknikk og skikjensle på Vierli

Kl. 0900-1000

Frukost på Raulandshuset.

Kl. 1030-1230

13 og 14 åringer

15 og 16 åringer

Kl. 1300-1400

Lunsj brødmat på Raulandshuset

Kl. 1430-1630

15 og 16 åringer

13 og 14 åringer

Kl.1700

Rydde, vaske, pakke, finne sure sokker.

 

Ta med:   Treningsklede til innetrening og utetrening, skiutstyr, børse og skot, rulleski, sengeklede(Laken, putevar og dynetrekk), badetøy, drikkebelte, alt du trenger av øvrig stæsj og masse treningsglede og godt humør

Spørsmål:  Ta kontakt med Dag Larsen tlf.99485548 eller e-post dag.larsen@vinje.kommne.no

 

Team Brukås sport vil ha samling same helg, det vil si at vi får høve til å samle alle utøvarar i kretsen i Rauland denne helga. Det blir kanonbra å ha dei med.

Klubbane må stille med ein vaksen på fire utøvarar for å få dekt lokal transport og løyst alle logistikkoppgåver. Vi håper på hjelp  med mat og servering og at hyttene er vaska ved avreise.

 

Vel møtt til den tradisjonelle samlinga i Rauland til alle utøvarar og foreldre. Vi håpar på ein tidleg kvit vinter. Uansett kjem vi til å få ein triveleg helg med mykje god trening og sosialt samvær med flotte unge idrettsutøvarar på tvers av alder og klubb.

 

Venleg helsing

Dag Larsen IL Dyre Vaa skiskyting og TVSSK

Skrevet av NSSF den 05. nov 2015