Det er ei stund siden me hadde NM i kretsen vår, faktisk fyrste gong, etter eit samla Agder og Rogaland. Og det var Øvrebø IL som gjennomførte eit vellukka arrangement. Det var bare smil, og god stemning heile helga 15-17 september. Løparane var nøgde med løypene, som ga lite kvile, og på syndagen var det vind som gjorde det meir krevande på skytebanen.
Det var mange frå kretsen som stillte opp på “heimebane”, og det var mange gode prestasjoner både på sprint og fellesstart. Moro at utøvarar frå mange lokale klubber fekk medalje; Nils Henrik Smeland frå Birkenes IL, Sivert Jøssang frå Sandnes og Gjestal skiskytterlag, Tobias Sletvold Figgjo IL og Marius N. Fidjeland frå Sirdal Skilag. Foruten disse var det mange som gjorde seg gode erfaringer og opplevelser. Dette lover bra for vintersesongen.
Det ligg mykje arbeid bak og få til eit godt arrangement, og kretsen vil takke alle frivillige og arrangører- godt jobba. Og me håper det ikkje blir lenge til neste gong det er eit stort arrangement på “heimebane”.