Skiskyttartreffen 2017

Den årlege skiskyttartreffen vart i helga avvikla på Ullsheim

34 utøvarar var samla til samlinga som starta laurdag morgon og vart avslutta med testløp søndag. I tillegg til aktivitetar som skyting, rulleski og løp fekk dei yngste i år prøve seg på innandørs skyting på bane. Markane skyttarlag tok imot oss på bana i Hornindal. Mellom øktene var alle samla til felles måltid i lagshuset på Ullsheim. Etter testløpet var det premieutdeling. Skiskyttarkrinsen har fått fine premiar av fleire bedrifter. I tilleggg vil alle deltakarane i løpet av nokre veker få kvar sin genser. Desse er også sponsa av lokale bedrifter. 

Gode tilbakemeldingar på arrangementet, men vi skulle gjerne hatt med fleire. 

20171001_132017.jpg

Starten for 11-14 år

20171001_140954.jpg